[home] [English version]

Heller ikkje i år har eg lukkast med å få bidrag frå andre i familien til å skriva årets julehelsing på heimesidene våre. "Me har ikkje nubbesjanse til å få alt til å høyrast like idyllisk og julekortaktig ut, som når du skriv, pappa. Så dette får du ordna sjølv".

Før eg gir eit lite, nøkternt (merk kommaet) tilbakeblikk på 2006, vil eg starta med det viktigaste: Me takkar familie, vener og kjente for det me har fått dela i året som snart har gått, og ønskjer deg ei velsigna julehøgtid og alt godt for 2007.

Ingrid (16) har skifta skule. No går ho på vidaregåande skule i Knarvik. Ingrid likar å gjera ting med hendene sine. På biletet ser me henne i sving med å laga swing-dress til storebror Magnar. Resultatet ser du på neste bilete. I mai var Ingrid på ekskursjonstur til Polen og Tyskland saman med klassen sin. Mamma og pappa var med som arrangørar. I sommar var ho på tre leirar (Action, Arena og Link). I nyårshelga skal ho på Explore, nok ein leir. Saman med Magnar er ho også i år medleiar for friluftsgruppa til konfirmantane. Ingrid er kommunikasjonstalentet i familien. I desember debuterte ho som "prest", då ho talte på familiemessa i Mangerskyrkja.

Magnar (19) går siste året på TAF (Teknisk Ålmenfag), som er ein fireårig vidaregåande skule som gir både studiekompetanse og fagbrev i elektronikk. Me er spente på kva han finn på til neste år. Kanskje vert det folkehøgskule? På fritida "spelar han data", nett som faren. Saman med storesøster Solbjørg, dansar han i BSI Dans, og er instruktør på begynnarkurs i swing (boogie woogie). Dei er med i konkurransar og oppvisingar, og kosar seg veldig med dansehobbyen sin. I laupet av året har han vore ein tur til London med vener, og ein tur til Newcastle med klassen sin. I sommar greidde me å få til ein fellestur med alle fem i familien. Den gjekk til Risør, der me var i konfirmasjon til Eivind og Ivar. Det var kjempekjekt å reisa i lag heile gjengen, som i "gamle dagar". Berre synd at me gløymde å ta med oss Kaptein Sabeltann og Dickie-Dick-Dickens.

Solbjørg (22) har passert dei første milepælane i medisinstudiet. Anatomien var ei utfordring, men fysiologi er langt betre. Det går an å forstå, og då fell også anatomien på plass, meiner Solbjørg. I haust var ho ein tur til Egypt og vitja ei veninne og gjorde "Egypt-ting"; ho reid på kamelar og såg pyramidane. Ho har hatt deltidsjobb på aldersheim og er guide på Vitensenteret innimellom. Slik kan ho tena seg litt pengar til å gjera det ho likar aller best; å reisa. Ho og Magnar flytta inn i "veslehuset", som dei deler med to andre studentar. I går fortalde ho oss at ho har fått seg kjæraste; ein kar som studerer teknologifag i Trondheim og visstnok har dei breidaste skia ho har sett. Magre opplysningar for oss å danna eit bilete ut i frå, men me trur han er smart; for handskrifta hans i Solbjørg si minnebok frå Øytun folkehøgskule, er nesten uråd å tolka :-)

Astrid underviser førsteklassingar også dette året. Arbeidet byd på mange slags utfordringar. Nye retningslinjer, med individuelle læreplanar og individuell oppfølgjing av kvar elev, påfører læarane store ekstraoppgåver. Arbeidsdagen vert ofte utvida til langt på kveld, og i helgene hender det at ho dreg til skulen for å planleggja neste veke og få unna arbeid som har hopa seg opp. Også i år er ho med i idrettsgruppa til konfirmantane. Barnelaget ho driv saman med Maria, vil ho slutta med til våren. Kanskje kan ho då få tid til det ho likar aller best: Å kosa seg med ei god bok. I haust feira Margot 70 år. Presangen frå Astrid og søstrene til mor si var ein fottur gjennom Aurlandsdalen. Det vart ei fin oppleving for den spreke jubilanten og alle oss som fekk vera med.

Magne driv med Dynaplan, datafirmaet sitt, som før. Den nye teknologien, SMIA (Strukturert Modellering - Interaktiv Analyse), har i år blitt brukt med godt resultat i prosjekt for pilotkundar. Doktorgraden har det gått trått med dette året, då firmaet har teke det meste av tida. Det blir lange dagar på kontoret, og då er det godt å kunna ta seg ein tur i det fri på racersykkelen. Biletet er teke rett før start av sykkelrittet Bergen-Voss: 170 km. I haust har Magne hatt litt trøbbel med ryggen, så det har blitt litt mindre trening.Sjå stor teiking I november reiste Astrid og Magne til Luksenburg for å kopla av frå strevsame kvardagar. Byen viste seg fram med fint hautsvêr og mange intressante ting å sjå. På fritida er Magne med i konfirmantarbeid (mediagruppe) og anna arbeid i kyrkjelyden. Han har i lengre tid arbeidd for å gjera den 115 år gamle kyrkja betre tilrettelagt for dagens behov. Det var ein stor dag for han då kyrkja vart gjenopna 10. desember, blankpussa og fin, med nye rom og viktige endringar som gjer kyrkja meir tilgjengeleg og brukarvenleg for heile kyrkjelyden. (Trykk på planteikinga ovanfor, så får du sjå kva som er gjort i kyrkja).

 

Me ønskjer alle ei velsigna julehøgtid og alt godt for det nye året.

- Magne, Astrid, Solbjørg Makalani, Magnar og Ingrid.