Kjære alle

Det er 21. desember. Heile familien er samla på Radøy. Inne er det koseleg, nesten all julepynten har kome opp på sin vante plass. Ute er det snø, plankar og småspikar og andre ting. Skulle nesten tru snikker Andersen hadde vore her.

Ingrid speler blokkfløyte Ingrid speler i kapell på Betlehemsmarka Hei eg heiter Ingrid og er 22 og eit halvt år. Eg innser at den overgangen var litt brå. Grunnen til at det er plankar og småspikar ute, er eit påbyggingsprosjekt på huset. Stova skal bli litt større, og me skal ha vinterhage nede. Det vert fint. Eg gler meg til jul! Eg har sjeldan gledd meg slik til ferie! I sommar vart det nemleg lite av det, for eg tok eit sommarsemester i Israel med NLA. Så det nærmar seg at eg vert teolog no. Men eg set det litt på vent igjen, for neste haust skal eg på DTS (disippeltreningsskule) i Montana, USA saman med Jørgen (den mykje omtalte kjekkasen frå fjorårets julebrev). Han er framleis like kjekk, minst. I haust reiste me to, saman med 7 andre til Kirgisistan på teamtur med Laget. Me vart kjende med dei som jobbar i Laget der, var med på konferanse, og var litt turistar på ridetur i fjella. Akkurat det var litt for skummelt for meg, med stupbratte fjellsider og galne hestar. Til våren skal me vera vikarar i Laget, og jobba 20 % kvar i Bergen så me får råd til DTSen. Glædeleg jol til alle! Oss er ein frelsar fødd, og det er bra!

Solbjørg på Hawaii Solbjørg på tur på vulkan på Hawaii Heisann! Her kjem innlegget frå Solbjørg. Trass i at Ingrid opplyser om alder, vel eg å stå over akkurat det — og fokuserer på andre ting. Eg fullførte studiane i desember i fjor, og har hatt det usedvanleg kjekt sidan. Først besøkte heile familien Magnar i Hong Crazy Kong. Så gjekk ei veninne og eg tur i Himalaya, Nepal. Det var den beste (om enn kaldaste) ferien ein kan tenkja seg. Me var og innom Hawaii og sto på ski i Jackson Hole. Sidan april har eg vore tilsett ved UiB som doktorgradsstudent innan psykisk helse. Oppgåvene er spanande, oppfølginga super og kollegaane utruleg festelege. Eg gler meg til å gå på jobb. Til slutt må det nemnast at det går ein del i trimming. Mellom anna er eg med i ein noko spesiell symjeklubb (Morgonsymjing for dei Unge og Vakre) og i august deltok pappa, Magnar og eg i triatlon. Som det einaste u-diskvalifiserte stafettlaget vann me vår klasse ;) Det var meir enn nok frå meg, god jul til alle!

Magnar Morgonsymjing for dei Unge og Vakre No er det Magnar som skriv. Dei fyrste 5 månadene av året vart for min del nytt i Asia. Eg fleska til med eit ekstra utvekslings-semester i Hong Kong, med mykje kultur og opplevingar, og stundom tok eg meg tid til litt studie også. Det var verkeleg gøy å få bli kjend med og leva saman med folk som tenkjer og oppfører seg annleis enn det eg er van med. Men nett no er eg veldig glad for at eg er attende i Noreg :) Det er så sant som det er sagt: Borte bra, heime bra. Eit par av høgdepunkta frå hausten kan eg nemna: I sumar fekk eg den store æra å vera trulovar for min gode kamerat Andreas. Det var skikkeleg stas! Triathlon har jo alt blitt nemnd. Vidare har eg har byrja å gå i kyrkjelyden Norkirken i Bergen, og der trivst eg veldig godt. Elles har det vore mykje fotografering i haust, og det er jo alltid stemning. Neste semester skal eg forresten byrja på mastergrad i Algoritmar ved Universitetet i Bergen, så det blir veldig spanande :) Takk for i år! God jul! :D

Barbie & Ken Made in Hong Kong Mamma og pappa har som vanleg kome seg rundt i 2012. Dei har prøvd seg på Hong-Kongske sener og kyllingføtter og padla og symd i laguner i Thailand. Pappa har dessutan vore på sykkel-treningsleir i Syden. Når dei ikkje reiser, arbeidar dei så det heldt. Mamma ordnar opp med ungane og flanellograf og pappa sitt firma går vegen. Det er alltid kjekt å koma heim til Radøy. Mamma og pappa byr på husrom for kven det skulle vera, store mengder mat og minst like store mengder ordspel. Innimellom kjem dei jammen til bydn og. Det syns me ungane er stas!

Så me har då hive litt på oss, alle fem. Me er letta over at verda enno står, og gler oss til å forhåpentlegvis treffa dykk i 2013! Velsigna jul og godt nytt år!