God jul!

Ingrid Magnar Solbjørg Mamma og pappa

Også i år fall «årsrapportskrivinga» på meg (Ingrid). Det er kjekt! Og i år har me faktisk nokre ekte nyhende å melda — Jørgen og eg har gifta oss! Han fridde til meg 2. januar (Hurra!), og me gifta oss 5. juli. Det var ei veldig kjekk feiring, og me er svært takksame for den dagen. Men Jørgen si frykt for at eg ville koma i ein postbryllaupsdepresjon var heilt uberettiga. Det var sjølvsagt veldig stas med bryllaup og planlegging, men jammen er det endå betre å vera gift. Me bur i ein pitteliten leilighet i sentrum i Bergen, og der har me fått det veldig triveleg. Kjekt å ha sin eigen plass! Jørgen er halvvegs på medisinstudiet, og eg har eit halvt år att av teologistudiet. Til våren vert det masterskriving om «helvete», og nei, eg skal ikkje på ekskursjon. Utanom å vera gift og studera, brukar Jørgen mykje tid i KRIK, og er leiar for KRIK Hordaland. Eg driv litt med dansing og mykje med handarbeid, og saman er me leiarar for ei disippelgruppe i Laget, 11 ungdomar som me møter på hyttetur to til tre gongar i semesteret, med undervisning og godt fellesskap.

Magnar har nettopp blitt ferdig med mastergraden sin i algoritmar. Han er veldig flink! Solbjørg, pappa, eg og mange andre kom og høyrde på framleggjinga hans, og me var svært imponerte. Og kunne faktisk forstå det meste av kva avhandlinga hans handla om — kven hadde trudd det? Elles bur han og Solbjørg framleis saman, og Ragnhild Låstad har teke min plass i «kollektivet». Der er det i alle fall veldig god stemning kvar gong eg er innom, så eg trur dei greier seg fint. Og Ragnhild har berika leiligheten med eit elpiano! (Viser til fjorårets brev der eg nemnar at Solbjørg og eg var uroa over om Magnar ville ha oss tilbake i leiligheten når han då hadde budd med to kompisar som også hadde elpiano.) Magnar driv framleis med dansing og mykje anna, eg greier ikkje å ha oversikt over alt. Og eg veit med god sikkerhet at han er rimeleg forelska. Me får satsa på meir om det temaet i neste julebrev…

Solbjørg er i siste innspurt av doktorgradskrivinga si, og skal levera i laupet av januar. Ho kosar seg maks med det arbeidet, ser det ut til, gler seg alltid til jobb og er veldig flink. Ho hadde rund dag i november — 30 år, og me feira med hyttetur med vener på Kvamskogen og med familiemiddag heima på Radøy. Veldig stor stas. Ho fekk symaskin til bursdagen, så no har me store syplanar! (Og eg er litt misunneleg, det må eg innrømma.) Solbjørg har operert vekk eit bein som var knust under foten, så har i store delar av hausten måtta ta det svært roleg, men no gror det fint, så ho GLER seg til å byrja att med dans, ski, tur, jogging og alt anna ho likar så godt. Men i mellomtida har ho mellom anna strikka veldig mykje og lært seg å spela gitar. Ho har skills.

Mamma og pappa har fleire gongar denne hausten vore å finna i Bergen by. Dei har rett og slett heva seg på den kulturelle fronten, og gått både på konsertar og teater. Det likar dei godt, og det gjer me og, for då kjem dei gjerne innom anten til Jørgen og meg, eller Solbjørg og Magnar, så me ser dei litt oftare. Heima går det mykje i det same; mamma seier eg berre treng å skriva om ho at ho syklar til skulen, for utanom det gjer ho no ikkje noko. Men det er berre tull. Ho gjer mykje, faktisk. Vaskar hus, lagar mat (mykje!), er ein veldig god lærar, er med vener og tar seg av sin mann. Og det er ikkje berre berre. Pappa heldt stadig fortet på loftet, men har i sommar gjort ein formidabel innsats saman med mamma i hagen og rundt huset, og gjort det veldig fint. Og til våren ser det ut til at firmaet ein dag i veka skal ha felleskontor i Knarvik, så dei kan møtast litt meir. Og Magnar skal jo også starta å jobba i Dynaplan. Det vert nok fint, og pappa gler seg til å sykla til jobb (kvar si lyst…).

No skal eg stikka og henta Jørgen som kjem med bussen, det vert kjekt!!! Han er så kjekk.

God jul, folkens! Jesus vart fødd, og det er noko å gleda seg over!