God jul!

Mamma og pappa

Viss det noko som heiter jubelår, har 2017 vore det for familien Myrtveit. Det starta med Solbjørg og Mathias sitt bryllaup i mars. I juni gifta Lillian og Magnar seg. Begge bryllaupa var på Radøy. Det var flotte seremoniar og heidundrande feiring etterpå. Det var kjekt å vera med på førebuingane, og å få treffa så mange andre av brureparet sine vener og familie, som bidrog på ulik vis. Mykje vart førebudd her i heimen hjå oss på Helland. Det var stor stas – og jubel, som sagt.

Både i påske- og sommarferien var me på tur med «ungane» våre. I påska gjekk me på ski, og i sommarferien til fots både til fjell og sjø.

I juni sytte Ingrid for å verta ordinert til prest – så ho kunne via Lillian og Magnar seinare i månaden. Ordinasjonen var ei stor oppleving. Besteforeldre, foreldre, søsken, og annan familie var til stades. Kyrkja var fullsett, og seremonien vakker og nær. Etterpå var det fest med god mat, talar og god stemning.

Før det første bryllaupet fann me ut at det eine badet vårt måtte renoverast. Dette forplanta seg til sju rom. Me er ikkje ferdige enno…

Magne veit ikkje om det er noko å jubla for, men i september markerte han sin 60-årsdag. Det blei ei kjekk feiring med vener og den næraste familien. Ein av dei gøyaste bursdagane eg har hatt, seier Magne. Seinare i månaden hadde Magne sykkelferie saman med Gunnar (svigerfar til Ingrid) og Ingve på Mallorca. Topp! Han kom heim att akkurat i tide til å få med seg siste dag av sykkel-VM i Bergen.

Til vanleg er huset vårt fullt av familie når jula kjem. Men i år skal Astrid og Magne feira julekvelden hjå Bjarne og Margot på Storheim, saman med Liv og Dag Rune. Me visste dagen ville koma då ungane våre ville feira jul med svigerforeldra sine. Me får finna oss i det, og sjå fram til neste år, då dei har planlagt å vera her alle saman.

Som plaster på såret har dei ordna med at me skal feira nyår i lag i ei hytte i fjellet.

Me ønskjer alle ei god jul, og alt godt for året som kjem.

Solbjørg og Mathias

Hei alle! I år skriv me til dykk frå Berkeley, USA. Her er det glitter og stas og mat over alt. Eg likar USA (no er det mest Solbjørg som skriv, her). Og så likar eg 2017 :) For eit år! I mars gifta Mathias og eg oss, og det var så veldig kjekt! Me er så takksame for alle som var med å feira, alle som hjelpte til og alt det fine me fekk oppleva i samband med den store dagen! Også etterpå har 2017 vore stor stas og så mange ting har skjedd — i heile familien — men alt om dei andre skal eg ikkje nemna med eit ord sjølv om det var så kjempestor stas, for det skal alle få lov å fortelja sjølv! Men Mathias og eg har i alle fall vore på mountain-bike-bryllaupsreise i Marokko (fantasisk fint, gule og blå, og matfogifta), og i haust har me vore 6 månader i USA. Her er me blitt overvelda over kor utruleg trivelege amerikanarar er, og har teke notatar. No pakkar me saman og reiser heim. Me gler oss mykje til å sjå igjen familie vener, og til å feira jul i gamlelandet! Me ynskjer dykk ei skikkeleg god jul og eit endå betre nytt år.

Ingrid, Jørgen og Sigve

2017 har vore eit spanande år. Den første halvdelen hadde eg (Ingrid) framleis morspermisjon, men studerte litt på sida for å ta eksamen i mai. 1. juni byrja eg i jobb som ungdomsprest på Askøy i 100%, og blei ordinert til prest 11. juni. Eg har blitt svært godt teken imot på Askøy, og trivst i jobben. Jørgen hadde ferie heile sommaren, slik at han kunne vera heima med Sigve. Det var litt skummelt å la Sigve starta i barnehage i august, men no er han så glad i barnehagen at han ropar «ja, ja, ja!» når me seier at det er på tide å gå om morgonen. Han blir godt teken vare på av dei litt større jentene der. Dei trur nok at han er ein liten baby, og synest at han er veldig søt. Søt er han, men han har faktisk blitt 1,5 år! Kvar måndag har eg fri, så då er Sigve og eg heima saman. Jørgen har studert på halv tid i haust for å få tid til å vera med oss også. Så me har hatt mykje kvalitetstid saman. Til sommaren blir han ferdig på medisinstudiet. Høgdepunkt i år, i tillegg til å bli ordinert, er sjølvsagt at eg fekk vera forlovar saman med Magnar då Solbjørg og Mathias gifta seg, og prest i Lillian og Magnar sitt bryllaup, og i Siri og Thomas sitt bryllaup (systera til Jørgen). Det er flott å få ha ei slik spesiell rolle i andre sin store dag! Elles gler me oss til både Solbjørg og Magnar med ektefellar kjem heimatt frå det store utlandet!

Magnar og Lillian

For dei som har venta eit heilt år i spenning for å finna ut kvar Lillian og eg reiste etter jul i fjor (sjå førre julebrev), så kan eg no røpa at me var i Alta. Det var ikkje nokon tulletur; eg var på friarferd! Og det vart suksess, så 17. juni blei me rette ektefolk. Atter ein gong bur eg saman med ei som trufast kan vaska kleda mine, passa på at eg får i meg nok mat og elles ta vare på meg på fulltid. Eg har ordna meg bra. Og det trur eg Lillian har òg. Eg gjer i alle fall så godt eg kan.

Lillian studerer samfunnsøkonomi, men ynskjer å spesialisera seg innan helseøkonomi. Difor bestemte me oss for å reisa eit semester på utveksling. Me har no budd i Hamburg sidan oktober, og me trivst godt. Lillian lærer nye og spanande ting kvar dag, og eg merkar no ikkje så mykje forskjell; eg tok med meg heimekontoret. Me er i ferd med å bli kløpparar i tysk, begge to. Snart reiser me heim til Sandnes for å feira jul med familien til Lillian. Det blir stas. Etter det ser me fram til nyttårshyttetur saman med dei andre som du les om i dette brevet. Takk for no, og Frohe Weihnachten!

P.S.
Ein veit det har vore eit innhaldsrikt år når verken heildagsprogrammerings-30-årsdagen eller bryllaupsreisa vert nemnd med eit ord i julebrevet.
D.S.

Gud sin egen sønn oss gav
Nu ved juletide.
Derfor går et lovsangshav over verden vide
Derfor fra det høye kor lyder det her nede:
«Give er din sak på jord, gi, og gi med glede!»
Gi din Gud ditt hjerte hen, gi din ringe neste.
Gi din uvenn og din venn, gi dem av ditt beste.
Gi til du blir tom og arm, intet skal du miste
Gi til du blir rik og varm, rikest på det siste.