God jul!

Mamma og pappa

Kjære familie og vener! Eitt barnebarn dette året, to annonserte for 2021! To barnedåpar, ein i februar – med mange gjestar – og ein i november, med få. Begge veldig kjekke. I slutten av mars mista Astrid far sin. Det var veldig trist. Gravferda var fin, men det var berre lov med 25 deltakarar.

I 2021 skal me reisa mykje, det er i alle fall intensjonen… Det var svært hyggeleg at nokon våga å reisa i sommar, så me fekk litt besøk. Magne fekk ekstra god tid både til hagearbeid, vedkløyving og lesing i sommar, og no har han sett i gang eit større «parkanlegg». Astrid arbeider framleis på Hordabø skule. Ho veit alltid korleis vêret er, for ho syklar på jobb. For Dynaplan, der Magne jobbar, er det heilt normalt med heimekontor. Sjølv utan reising er det mogeleg å skaffa nye kundar både i Europa og mange tidssoner unna.

Me ser fram til å kunna delta i gudstenester att og vera i lag med folk utan meterstokk og muleband.

Me set stor pris på Høie hadde oss i tankane då han bestemte talet på julegjestar. Så her kjem både Solbjørg, Magnar og Ingrid med heile sitt hus. Kjøleskapet er fullt og sengene klare. Det blir ei fin jul!

Ingrid, Jørgen, Sigve og Johan

Kjære alle saman! Dette har vore året då Johan lærte å gå og Sigve lærte å sykla. Det har vore året for ein stor gulrothaust i hagen, og ein ganske liten jordbærhaust. Det har vore året for å reisa lite – men likevel fekk me til ein danmarkstur saman med Jørgen sine foreldre, syster og svoger, der me feira Gunnar sin 60-årsdag. Me kosa oss med Legoland og steinplukking på strendene. Johan (1¾ år) byrja i barnehagen i september, samstundes som Jørgen starta i turnus (LIS 1) som lege på Sandviken sjukehus etter å ha vore heima i permisjon. Sigve (4½ år) har fått smaken på perling og teikning, og viser seg å vera svært kreativ. Ingrid byrja att i jobben som ungdomsprest på Askøy etter sin del av permisjonen, og kom tilbake akkurat i tide for koronanedstenging av det meste. Så dette har også vore året for heimekontor og mykje betre tid enn elles. No i desember fekk me akkurat vita at det er nok ein liten gut på veg inn i familien. Han kjem i slutten av mai. Så Ingrid er sterkt i mindretal, men har det svært godt med dei gode gutane sine. Og ho har heldigvis fått ei niese som kan skjemmast vekk. Me ynskjer alle ei god jul og Guds velsigning over det nye året.

Magnar, Lillian og David

Den største endringa i år er at Magnar har vore meir saman med folk enn elles. Han har nemleg fått seg ein fysisk kollega! Lillian har sett opp heimekontorplass rett ved sida av. Det fungerer veldig bra. Produktiviteten er oppretthalden, medan lunsjane er oppgraderte med hyggsame stunder og nokon gongar til og med ein dans! Lillian byrja å jobba igjen i Riksrevisjonen i august, etter mammapermisjonen, samstundes som Magnar gjekk ut i pappapermisjon. Han og David var veldig heldige med vêret, og var mykje ute på tur med sykkelvogn og i open barnehage. Etter ein vellukka ganespalteoperasjon byrja David i barnehagen i slutten av oktober. David ser ut til å trivast i barnehagen, og har fått sansen for alle leikar med hjul på. Magnar har framleis 40% farspermisjon, så David har fått ein mjuk start i barnehagen. Rett før jul fekk me vita at David skal få ein veslebror i byrjinga av mai, som me ser veldig fram til. Hei hvor det går!

Solbjørg Makalani, Mathias, Bjarne og Astrid Synne

Kjære vener og familie!

For eit år! Me har kost oss veldig, spesielt etter at eg var ferdig å vera gravid🙂 Før det var Mathias ein slags åleinepappa. Han og Bjarne klarte seg meget bra. Bjarne diggar den tøysete og herjete pappaen sin (og det gjer eg og🙂). Så kom vesle Astrid Synne til oss i september. Ho er så glad og me trivst veldig med å vera fire. Noko av det kjekkaste i år, om ein spør Bjarne, har nok vore sykling, baking og «dididadar» (sjokolade). Sjølv om me har sakna å vera mykje med vener og familie, har me vore heldige med tanke på korona. Me har vore friske, og me er no heime og heldt på med ungar og greier uansett. Men no ser me fram til å vera meir saman med dei me er glade i framover! Og no er det jul! Bjarne gler seg veldig til Bursdagen til Jesus når ALLE får pakke. «For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.» (Jes 9:6) God jul!