God jul!

Mamma og pappa

Hallo, alle saman!

Her er det fullt hus og stormande jubel! Vi er så heldige å ha alle våre born, svigerborn og barneborn på besøk. Barneborna har auka sidan i fjor frå ein til to. No har vi hatt eit par dagar med juleførebuingar i lag. Det er mangfaldig – og gøy.

Dette året har vore eit vanleg år for oss eldste i familien. Astrid arbeider full tid på skulen - har 6. klassen – og Magne arbeider meir enn full tid i Dynaplan. Det har dukka opp nye spanande og interessante kundar i nye og interessante land.

Vi har ikkje gjort store reisesprell dette året. Men i juli fekk Astrid høve til å reisa til Island saman med mor og alle søstrene. Opplevelsesrikt! Anna fritid fylte vi med gjeremål i hus og hage. Men det var ei oppleving å reisa på hyttetur med den store familien vår i nyttårshelga i fjor. Det var flott hytte, flott natur, skiføre, god mat og kos. 17. mai var vi heldige å få besøk av dei same, saman me eit par frå Amerika. Dei var svært hyggelege, og det var fint å visa dei nokre nasjonale tradisjonar. Dessutan hadde vi den finaste sommaren på lenge, med daglege badeturar i sjø eller vatn. Ingen grunn til å reisa nokon stad! Magne tar av og til fri frå jobb for å sykla, og har vore på turar både i Noreg og på Mallorca.

Solbjørg, Mathias og Bjarne

Kjære alle!

Så – Mathias og eg trudde livet endra seg mykje i 2017. Med bryllaup og 6 månader på forskaropphald i Berkeley, USA. Og så kom 2018 - og Bjarne! Sonen vår kom 20. november 2018 og er nydeleg! Og meget lik sin far☺ Og oppkalla etter Bjarne oldefar. Han et og veks som ein helt, og nokre gongar søv han og. Me har det veldig fint!

Midt oppi dette disputerte Mathias 18. desember. Det var stor stas å sitja der og vera stolt medan han fortalte oss om lyd i stein med vatn og metan. På kvelden hadde me kjempekjekk fest for å feira det heile. Og så var det enormt fint å reisa til Radøy på juleferie etterpå!!

Me håpar de og har det fint! God jul og godt nytt år frå oss!

Ingrid, Jørgen og Sigve

2018 går mot slutten, og me har mykje å takka for i året som ligg bak oss. Sigve har blitt 2,5 år (Hæ?! Når skjedde det?). Han pratar som ein foss og underheld oss me alt det løgne han seier og gjer. Jørgen har fullført dei tilsynelatande endelause studia, og er no lege! Hurra! Han jobbar som sjukeheimslege på to sjukeheimar. Eg (Ingrid) har vore ungdomsprest på Askøy i 1,5 år. Det er ein jobb med mange utfordringar og mange gleder. Det er fint å bli kjent med ungdommane, og formidla den kristne trua til dei. I haust kjøpte me hus på Askøy, like ved der eg jobbar, og me flyttar inn i starten av januar. Me gler oss til å koma på plass der. Det er ganske nært sjøen og har ein liten hage som innfrir Jørgen sitt eine krav: plass til trampoline! I mars skal Sigve få ein veslebror. Det ser han fram til, og øver seg allereie på å storebror-skills på Bjarne, den vesle fetteren han fekk i november.

Magnar og Lillian

No har Lillian og eg kome att frå Hamburg (sjå førre julebrev). Me hadde eit grådig kjekt semester der, men det var godt å koma heim til Bergen igjen :) Lillian fullførte sin master i samfunnsøkonomi i sumar! Eg er grådig stolt. Det var jammen godt at ho endeleg vart ferdig med studia så ho kunne bli husmor på fulltid! Dessverre innsåg ho fort at ho hadde nådd glastaket, og byrja å sjå seg om etter anna arbeid. Ho har no takka ja til ei stilling som rådgjevar i Miljødirektoratet, og tek til der i byrjinga av januar. Så no er me på flyttefot til Oslo! Eg gjer som sist; pakkar med meg heimekontoret og blir med. Lillian trivst overalt, og eg har funne meg ein parkour-klubb, så dette kjem til å bli skikkeleg bra!