Maleriet i garasjen

 

 

 

 

Då Astrid og Magne ikkje kunne bli samde om veggane i garasjen skulle vera kvite (mest estetisk) eller grå (mest praktisk), kom dei fram til at ungane kunne få lov å måla det dei ville der. Og det er jo ikkje til å stikka under ein stol at Magne går under katogorien "ungane" i dette huset, så planar vart lagt og skisser teikna. Slik vart garasjemaleriet eit familieprosjekt som har vore i prosess sidan 1997.

 

Heile familien er i sving. Måleriet har ei sommarside og ei vinterside, og alle i familien gjer ulike typiske aktivitetar på kvar.

 

Familie og grannar kom ofte for å bidra med eit penselstrøk eller to. Her er Irene og Daniel.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Posering til maleriet. Me forstørra bileta me tok, og fekk dei på veggen med overhead så me fekk måla omrisset i rett perspektiv.

Finjusteringar

Slik var maleriet i mange år, med Astrid lesande på stranda, Magnar gåande på nevane, Solbjørg midt i eit stup, Ingrid på skeiser og Astrid og Magne i snøhole.

I påska 2009 slo Magne og Ingrid til og måla seg sjølv inn på sommarsida, så no er det einaste som gjenstår å få Solbjørg og Magnar inn på vinteren.

 

Hovudargumentet for grå veggar i garasjen i diskusjonen som førte til maleriet, var at me upraktisk nok måtte byrja å køyra i staden for å rygga inn i garasjen viss veggane var kvite. Viss ikkje ville dei jo verta stygge av eksos. Men der var me litt korttenkte, sjølvsagt køyrer me inn i garasjen no likevel. Me kan jo i alle fall ikkje øydeleggja maleriet med eksos..!

 

Familien Myrtveit © 2010 • Kopiering ikkje tillete utan løyve

www.myrtveit.com