Festlege filmar

 

 

Då Ingrid skulle konfirmerast i 2005 laga Solbjørg og Magnar ein musikkvideo til og om ho. Det vart starten på ein musikkvideotradisjon. Ungane laga ein til kvar av foreldra til 50-årsdagane i 2007 og 2009. Både Astrid og Magne hevdar at dei ikkje skjøna noko på førehand, tross at eit utal utkledde ungar lista seg rundt i hus og hage på innspelingsdagane. Her kan de sjå dei tre filmane laga for ulike festlege lag.

 

 

Me kan jo smetta inn ein kommentar til Omformaren som kjem først i Ingrid sin konfirmasjonssong. Det er ein parodi på noko som hende i sylvbryllaupet til Astrid og Magne, då Magne som innleiing i velkomsten lata som han var heilt forvirra og byrja å fortelja om dataarbeidet sitt i staden, som på konferanse. Omformaren er Magnar sitt eige verk, eit program som formar om alle slag einingar til andre. Heilt awesome!

 

 

 

Familien Myrtveit © 2010 • Kopiering ikkje tillete utan løyve

www.myrtveit.com