Litt om oss

 

 

Astrid og Magne møtte kvarandre ein mørk og stormfull kveld -nei, ein fin sommardag var det - då Magne skulle ut og ta buss. Så mykje skjedde at han per i dag ikkje kan hugsa kvar han eigentleg skulle. Han stilte seg i ein lang, lang busskø og venta tålmodig. Han strekte hals, men fekk ikkje auga på nokon buss, og likevel gjekk køen på fram. Då han såg nærare etter la han merke til at køen bestod utelukkande av menn. Då pappa som sistemann kom fremst, stod Astrid der og måla han med blikket. Han hadde nemleg ikkje stilt seg i ein busskø, men ein friarkø! Så lyfta Astrid han opp og heiv han opp i ein konteinar - men den var allereie full av alle mennene som hadde stått før Magne i køen. Så han datt ut att, det var rett og slett ikkje plass. Astrid klødde seg i høvudet. Kva skulle ho gjera med denne mannen som var til overs, som ho ikkje fekk vraka? Som den fornuftige dama ho er, avgjorde ho at det beste måtte vera å ta han med og gifta seg med han, ho kunne jo ikkje vera bekjent av at ho førsøpla ved å la han liggja der! Og slik gjekk det til at dei fekk kvarandre, og med tida ungane Solbjørg Makalani, Magnar og Ingrid.

 

Dette sagnomsuste giftarmålet fann stad i 1979, og dei har vore gift sidan. For det meste har dei budd på Radøy, der begge voks opp, men dei hadde eitt år på Hawaii i 84, der Solbjørg vart fødd. Ho har fullført medisinstudiet i Bergen og tar no ein doktorgrad i psykisk helse Ho bur saman med Magnar som studerar datateknologi på UiB, og Ingrid som studerer teologi på NLA etter eit år på Øytun folkehøgskule i Alta. Det følgde ho opp familietradisjonen, sidan både Solbjørg og Magnar også har gått der. Leiligheten deira kallar dei Huset med dei rare i. Alle dansar Boogie Woogie, gjerne saman - alle tre på ein gong.

 

Astrid er lærar på barneskulen på Manger, og held orden på hus og stadig veksande hage. Der gjer Magne sin del med ein ny entusiasme for å leggja bark alle stader. Elles arbeider han frå heimekontor på loftet i firmaet sitt, Dynaplan, når han ikkje er ute og syklar.

 

Familien Myrtveit © 2010 • Kopiering ikkje tillete utan løyve

www.myrtveit.com