I kongens klede

 

Sverre sin versjon av «Stol-leiken»

 

Med munnspel - 2010

 

 

Minneord om Sverre Myrtveit

 

 

Sverre Myrtveit vart fødd på Helland 3. september 1928, som nummer fire i ein søskenflokk på  seks -  tre gutar og tre jenter. Foreldra hans, Emma og Magnus Myrtveit, dreiv gardsbruk. Gardsdrifta på den tida var prega av mykje manuelt arbeid og dei unge blei tidleg involverte i ulike oppgåver på garden.


Det var magre økonomiske kår for dei fleste på 30- og 40-talet, då Sverre vaks opp. Og som så mange andre, tok han seg sesongarbeid i fiskeindustrien med håving av sild på Florvåg og arbeid i brislingmottaket på Manger.


I ungdomsåra hans var det krig i landet, og vanskelege tider for mange. Foreldra var aktive i motstandsrørsla, og far hans var mykje borte frå heimen i krigsåra. Det var streng straff for å ha radio, våpen og flyktningar i hus. Det var stadig fare for å bli oppdaga eller angitt, og familien var alltid redd for dei tyske soldatane når dei kom for å gjennomsøkja huset. Tretten år gamal sat Sverre og eine broren nattevakt med ladd pistol utanfor døra til ein angjevar som hadde blanda seg med flyktningestraumen. Nervepirrande stunder som denne brende seg nok fast i eit ungt sinn, og minna kom stundom sterkt tilbake i hans siste leveår.


Søskenflokken på Helland hadde ambisjonar og utdanna seg innanfor ulike område. Sverre òg hadde gode evner, og ville gjerne skaffa seg ei utdanning. Men pliktene på garden og skral økonomi under heile oppveksten gjorde at det blei med sjuårig skulegang og eitt år på folkehøgskulen på Manger.


Sverre var talentfull på mange område. Han var uvanleg spretten og rask, og beherska kroppen sin nærast til det perfekte. Han eigde ikkje høgdeskrekk og kunne balansera på hender og føter høgt over bakken. På skøyteisen og annan idrett var han alltid blant dei fremste. På hendene kunne han gå både opp og ned trapper, og han slo hjul bortover bakkane så lett som ingenting. Heilt fram mot pensjonsalderen overraska han oss med kunstane sine: Han kunne sitja på stolen sin og prata - og i neste augneblinken plassera eine handa på stolsetet den andre på stolryggen, og pressa seg kontrollert opp i handståande framfor vantru auge.


Saman med bror sin, Arnljot, som var byggmeister, arbeidde han nokre år som tømrar i bergensområdet. Dei to brørne arbeidde svært godt i lag, og det vart ei tid som Sverre alltid såg tilbake på med glede.


Sverre hadde godt lag med, og var svært glad i dyr. Særleg var han glad i hesten Svarten og hunden sin Doggi. Når han kom heim frå bygningsarbeid i byen kvar laurdag, var Doggi alltid på plass i Mangersvågen når båten klappa til kai. På ein av turane sine til Manger for å ta i mot Sverre, blei Doggi overkjørt. Etter dette såre tapet ville Sverre aldri meir eiga hund.


På slutten av 50-talet flytta det inn ei jente frå Sørbøvågen i nabolaget. Sverre fatta fort interesse for nykomlingen. I 1957 gifta han seg med Annbjørg og dei flytta inn i nordre delen av generasjonsbustaden på Helland. Saman fekk dei fem søner, som alle har stifta familie og busett seg på farsgarden eller like i nærleiken. Sverre og Annbjørg har 14 barneborn og seks oldeborn som saknar ”farfar” - som alle kalla han.


Kunnskapane han tileigna seg som tømrar, fekk han god bruk for då han saman Annbjørg tok over drifta av farsgarden. Den gamle driftsbygningen blei riven, og ny flor og løe blei bygde med plass til mjølkekyr, ungdyr og gris. Sverre var alltid i forkant med å ta i bruk nyvinningar som kunne gjera gardsdrifta meir rasjonell. Han kjøpte traktor og reiskapar. Mjølkemaskin kom på plass. På beite installerte han mjølkestasjon med mjølkemaskin påmontert traktoren. Han ville at ting skulle gå fort for seg. Blei det litt ”død-tid” i floren, kunne han hiva ein mjølsekk på kvar skulder og ta knebøyingar medan mjølkemaskinene tikka.


Han gjekk bort frå hesjing og surhåstabbe, og bygde seg gropsilo etter mønster frå storgardane på Jæren. Til å fylla den auka kapasiteten skaffa han seg meir grasmark til å metta alle dyra. Han dyrka i ”marka” og leigde seg slåtteland på Tveiten og Manger. Tidlege investeringane i traktor og forhaustar skaffa han inntekter frå leigeslått for bønder over heile øya, frå Hordabø i nord til Sæbø i sør.

På garden var det eit lite sagbruk som Sverre dreiv saman med far sin. Sagbruket kunne verta ei god inntektskjelde i stadig vanskelegare tider for bøndene. Nytt sagbruk blei bygd med god plass og effektive løysingar. Han treivst i sin nye stilling som ”sagfører”. Sagbruket blei ein møtestad. Her kom bygdefolket med tømmerstokkane sine for å gjera dei om til bygningsmaterial for hus, løe, garasje, naust eller hytte. Arbeidet var hardt, og tempoet høgt, men smilen var aldri langt borte. Når det var matpause, gjekk praten lett og latteren sat laust. Det er mange som kan fortelja om kor triveleg det var på saga hjå Sverre. I huset på ”Stasjonen” på Helland var det alltid open hus. Alle som kom til gards, vart bedne på kaffi, og alltid krydde det av ungar som fekk leika både inne og ute.


Det gjekk godt med bruket på Helland. Bil blei kjøpt og så stod nytt våningshus for tur. Det blei bygd med eigne hender saman med broren Arnljot i forkant av den store byggeboomen på 70-talet.


Sverre var praktisk anlagt og arbeidsam. I alt han tok seg føre, la han vekt på at resultatet skulle vera både vakkert og varig. Han bygde vakre steinmurar og møblar med intrikate treskjeringar. Folk på gardane rundt omkring ville gjerne ha Sverre til å pussa opp eller innreia nye rom i husa sine. Og Sverre var aldri vanskeleg å be, om han hadde det aldri så travelt.


Sverre var svært hjelpsam og sette alltid eigne ting til side viss han såg nokon som kunne trengja ei hand. Når gutane ville byggja seg hus, la Sverre ned ein formidabel innsats med grunnarbeid, hogst, saging og tømring. I feriane våre reiste me gjerne på besøk til familie og vener. Og då blei det mange prosjekt. På turen til Iddefjorden på hytta til broren, bygde me peis. Og då me ikkje blei ferdige før ferien var omme, reiste Sverre tilbake med fly veka etter og avslutta jobben.
Sverre og Annbjørg overførte tidleg livsverket sitt til neste generasjon. Då Øystein og Kari tok over, let Sverre dei unge styra gard og sag på sin måte. Sverre støtta dei og hjelpte til både seint og tidleg med alt som skulle gjerast. Samarbeidet og samhaldet var alltid harmonisk og godt.


Då Sverre var ung, braut han kragebeinet sitt på sykkel. Frå far sin fekk han eit munnspel så han kunne driva tida. Munnspelet fekk han fort taket på, det viste seg at han var svært musikalsk. Når ungdomane samlast til dans på løene eller ute om sommarkveldane, var Sverre orkester med munnspelet sitt. Men musikken blei lagt på hylla heilt til han fekk munnspel att i 70-årsalderen. Dette blei til stor glede for han og for heile familien. Barneborna fryda seg når farfar spelte for dei. Og som den entertainer han var, veksla Sverre mellom gode historier og munnspelet sitt når han ville underhalda familie og vener, og på dansegolvet trakterte han damene med eleganse og sjarm. Mange var det som sette pris på at Sverre var til stades i festlege lag, men også når triste ting hende. Han visste å letta på stemninga, var alltid snill og ville at alle skulle ha det godt.


Livslaupet hans starta i dei harde trettiåra og det enda i ei velferdstid for landet. Det siste halve året budde han på velferdssenteret. Dei sosiale sidene hans og omsorga han alltid hadde for andre, hjelpte han til å finna seg til rette. Han sette stor pris på betjeninga og treivst saman med dei eldre. Men funksjonane forsvann litt etter kvart. Atleten blei sitjande i rullestol. Den skarpe hjernen blei fjern. Til slutt stilna også musikken frå munnspelet hans. Han fekk lungebetennelse og sovna inn etter nokre dagars kamp mot sjukdommen, med familien samla rundt seg.


Han hadde ikkje meir å gje. Han var klar til å reisa.

 

Minneord frå barneborna

 

Kjære, kjære farfar!


Me barnebarna har mykje me har lyst å seia både til deg og om deg. Du har alltid betydd kjempemykje for oss, og me saknar deg.
Oppigjennom åra har me vore mykje hjå deg, og alltid hadde du og farmor tid til oss. Me gledde oss til å koma oppom etter skulen - og eta nugatti med skei! Du hadde alltid omsut for at me åt nok og for at me hadde nok klede på oss.


Då me var små vekte me deg frå middagsluren for at du skulle fortelja historier til oss. Nokre gongar måtte me heilt inn på soverommet for å finna deg, og då hende det me fekk liggja i midten saman med katten. Og så fortalte du historier, bade skumle og morsame – takk for alle gongane du fekk oss til å le, både då me var små og då me vart store!
Du var alltid i arbeid, anten ute eller inne, på saga, oppe hjå deg sjølv, hjå nokon av oss andre i slekta eller hjå naboar eller vener. Alltid skulle nokon få hjelp, og me fekk vera med. Heilt frå me var veldig små var me stolte av deg. Du fekk til alt du prøvde på, du ordna opp og bygde fine ting. Mellom anna har me nesten alle sove i vogga du laga til Ronny, og gutane har mora seg med armbrøsta du laga. Du var også med oss å leika, du var med på turar, i bad, på akebrett og skeiser, og me fekk dansa med deg. Du viste oss korleis ønskekvisten verka – sjølv om ingen ser ut til å ha arva evnene til å få den til. Du stod på hendene på stolar, tak og syklar. Då me var små trudde me at du var noko heilt spesielt, ein helt. Då me vart større forstod me at me hadde heilt rett. Du var noko for seg sjølv og me er så heldige som fekk ha ein slik farfar.


Kanskje var litt av grunnen til at farfar var så glad i oss ungar, at han var litt som ein unge sjølv – han vart aldri ferdig med leikinga. Han var svært glad i jula, og gledde seg til desse dagane, med flaggheising og smultringbaking, til og med før ungane.


Farfar var ein stor del av liva våre, og me skreiv om han i mange skuleoppgåver. Då ei av dei småe lærte om skildring, skreiv ho noko om farfar me føler viser mykje av slik me tenkjer på han:


”Farfar sit i stolen og smiler. Han vert glad når det kjem nokon. Han vert ekstra glad når det kjem ungar, og seier at me er flinke og fine. Han er VELDIG glad i farmor.”


No trur me at farfar, med alt sitt gode humør, er i himmelen. Me ber om at han ikkje skal få harpe, men eit munnspel å spela på der oppe. Tusen takk, farfar, for alle klemmane me delte, for all latteren og for at du alltid var der! Me kjem til å tenkja på deg og ha deg kjært i minnet for alltid.

 

Familien Myrtveit © 2011 • Kopiering ikkje tillete utan løyve

www.myrtveit.com